mandag 19. april 2010

Deadline

Nokon gjer eit godt arbeid når dei veit dei må bli ferdig innan ei stutt tid. Når klokka tikkar mot deadline, må ein gje opp å kontrollera alle detaljar, og nye idear som dukkar opp må ein berre kverke før dei har vakse seg store og tidkrevjande. Likevel kan resultatet bli bra. Sjølv om ein kan irritera seg over feil ein ikkje vann retta opp. Det viktigaste kan ein ikkje kome bort frå: oppgåva vart ferdig!

Deadline tyer ein line ein ikkje kan gå over utan å få eit kule i bringa. Og skal og må avisa i trykken klokka to, så skjønar ein at deadline ikkje er ein elastisk strikk. Ansleis er livet til ein elev. Vart helga for lang så kan han be pent om å få ta prøven ein dag han ikkje er i bakrus. Lærarane har plikt til vurdere og vert glade når eleven visar storsinn og vilje til ein liten innsats. Difor lærar mange at i skulen kan ein forhandle om det meste, og det går godt an å skreve over lina nokre kallar deadline uten å verte skoten. Dei fleste såg ikkje noko line og vandra ut i fritt lende utan eingong å høyre nokon ropa stans.

Korleis går det når læraren leikar student? Følg med, neste blogginnlegg handlar om ansvar for eiga læring.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar